Domarringen

Vidare mot sør ligg Nisteinsringen, òg kalla Dommarringen. Etter det folk veit å fortelje, tok dommarane sete på kvar sin stein når dei skulle døme i rettssaker på tinget.

Bilete av Domarringen i snø.

Mellom Dommarringen og Skjelvarspranget står to parallelle rekkjer med reiste stein. Til saman er det 11 stein her i dag, men det skal ha vore fleire tidlegare. Slike ”gatar” kjenner ein ikkje frå andre stader i Noreg.

Det er mogeleg at dette monumentet har hatt ei litt anna form tidligare, og at stein har vorte flytta på i samband med ei utviding av den gamle dalevegen som går like attmed.

Illustrasjon fra tingsamling, konstruert. Illustrasjon: arkikon.no