Skjelvaspranget

Steinringen i nordenden av feltet består av 7 reiste stein og har ein diameter på 15 meter.

Innanfor steinsettinga ligg ein lav gravhaug. I 1890-åra vart det funne ei branngrav i haugen.

Teikning av Skjelva på steinen, illustrasjon.

Anlegget går under fleire namn: Sjusteinsringen, Skjelvarspranget og Holmgangsringen.

Forteljinga om den dødsdømde ungjenta Skjelva er knytt til ringen. Ho skulle etter sigande få sleppe frå det med livet om ho klarte å hoppe frå stein til stein ringen rundt.

Gamal teikning før utvidinga av Dalevegen.

Det heiter seg at Skjelva klarte alle hoppa heilt fram til det siste og avgjerande. Då fell ho mot den sjuande steinen og døydde. Avstanden mellom kvar stein er 6 meter.

Gamal illustrasjon av steinsirkelen, Skjelvarspranget.

Like sør for Skjelvarspranget finnes ei stor, rund steinlegging. Ho bær namnet Offerringen.